onsdag 3. august 2011

Pause - Welcome to my silly life.

Eg pausar bloggen. Skulle kanskje sagt da tidlegare, men eg har ikkje følt for å blogge. Ting er betre, kanskje nærmare bra enn nokonsinne, men det har i tillegg skjedd mykje drit. Og det fekk meg til å innsjå kor egoistisk eg er; eg er nesten GLAD for at det ikkje berre er eg som opplever drit. Og då kjenner eg meg som eit jævlig dårleg menneske. Så guess what, guys; eg pausar så eg slepp å offentleggjere meir drit på internett for ein stund. That's why I got Facebook. Eg treng å skjerpe meg, endre litt på tankegangen min, verte litt meir menneske. Så medan de venter vil eg berre seie; eg har trua på at de er så mykje betre enn meg. Så bevis det for dykk sjølv.


BTW; eg er framleis menneske nok til å sørgje over menneskeliva som gjekk tapt i Oslo og på Utøya. Men eg er egoistisk nok til å vere glad for at eg ikkje kjende nokon av dei personleg. Ver så snill og ikkje hat meg fullstendig. Ikkje for alltid.



Ver snille pingvinar.

laurdag 2. juli 2011

Next - Your faith walks on broken glass. ♫♪

And the hangover doesn't pass. Nothing's ever built to last; you're in ruins.


Eg bukar dagane på å gløyme kva som har skjedd og å jobbe. Gøyme meg få problema mine så eg skal få ein liten pause. Eg har lest alle kommentara på det forrige innlegget mitt, og det varmar veldig og hjalp til ein viss grad. Så er det i alle fall nokre som bryr seg, utan at eg skal leggje for mykje inn i dét. Eg tenkte at for å prøve å få meg over på andre tankar ville eg oppsummere (eigentleg meist for meg sjølv) alt det gode eg har opplevd det siste året. Alt eg ynskjer og hugse og som gjer livet mitt verdt å leve. Eg har difor vald å leggje ut bileter (de har sikkert sett nokre før) også skrive litt om kvifor det var verdt å leve for å oppleve. Nokre hendingar har eg ikkje bilete frå, men dei vert heilt klart hugsa.

Here goes;


23. Juli 2010;
MUSE på Koengen m/Aleksander og Rebecka.
Eg fekk mogelegheita til å oppleve MUSE live, noko som i seg sjølv er veldig fint. I tillegg fekk eg oppleve dette augeblikket med min beste ven, Aleksander, og 'kåna' mi Rebecka. Samstundes overnatta Aleks og eg på hotell saman med mi aller beste venninne, Jørgine.



3. Oktober 2010;
18-årsfeiring for meg  Ikjefjord.
Eg fekk ein liten kveld der eg vat hedra, for ein gongs skuld, og der eg var midtpunktet. Det var både kjende og ukjende, gode vener og bekjende der. Eg hadde det kjempekjekt og fekk samla vener frå både Sogn og Sunnfjord på ein ellevill og kjempekjekk fest (i mine auge.) - eg fekk til og med dedikert ein song, 21 Guns av Green Day, sungen til meg av Ragnhild, som er ei god venninne av meg.



7.-10. Oktober 2010;
TNUF(Tysk-Norsk Ungdomsforum) i Oslo.
Eg traff igjen vener fra TNUF sitt møte i Berlin i 2009, og eg fekk gjort nye bekjentskape både frå Florø, Svalbard og Noreg elles, i tillegg til Tyskland. Me hadde intimkonsertar på eit av hotellromma der me budde og det var kjempekjekt.


24. November 2010;
Avenged Sevenfold i Oslo Spektrum.
Eg fekk sett det som seinare skulle verte mitt absolutte favorittband live i Oslo Spektrum saman med Ragnhild, som er ei av dei venninnene eg har haldt lengst på igjennom livet og som eg alltid kjem til å hugse uansett. Spesielt på grunn av akkurat denne konserten. (Beklager mangel på bilete, men eg er ikkje sikker på om eg tok noko bilete. I så tilfelle ligg dei anten på gamlemobilen eller på den andre dataen.)



25. November 2010;
Tattovering i Hønefoss.
Eg fekk endeleg teken ein tattovering som betyr ganske mykje for meg og som alltid kjem til å minne meg om kor fint eg hadde hatt det på Avenged-konserten. Den konserten som endra heile min musikalske tilværelse på så mange måtar at eg trur ikkje eg orkar å gå inn på det ein gong. I tillegg fekk eg teffe igjen Thea fra TNUF og me hadde det fint saman etter at tattoveringen var teken og pengane var betalte.



9. April 2011;
Kaizers Orchestra i Oslo Spektrum.
Bandet som eg høyde live for fyrste gong i Dale i 2008 var det no på tide å høyre live ein gong til. Denne gongen vart det i Oslo Spektum med ei jente eg er oppvokst med og som eg likar ganske godt, ettersom me har litt same musikksmak. Me hadde det veldig kjekt, og sjølv om eg vart låst inn på badet på hotellrommet og ei av oss skada foten i løpet av helga var det veldig kjekt. Biletet er ikkje av Kaizers, ettersom eg mistenkjer meg sjølv for å berre ha filma sjølve Kaizers. Om ikkje ligg bilete på mobilen/andre dataen. Igjen.


4. Juni 2011;
18-åsdagen til Marlene.
Eg fekk vere med Cathrine og nokre andre av Marlene sine vener og feire henne på 18-årsdagen. Cathrine og eg var overraskelsesbesøk, arrangert av mora til Marlene, og det var veldig kjekt. Me koste oss stort sett heile kvelden.



19. Juni 2011;
Avenged Sevenfold på Koengen.
Nok ein gong fekk eg mogelegheita til å sjå mitt absolutte favorittband spele for meg. Eg tok med meg Ragnhild denne gangen, òg, i tillegg til Thea frå Hønefoss. Ragnhild hadde med seg to venninner, og saman gjekk me på Friday's og fekk oss litt mat og vin/cider/etc., før me stakk på sjølve konserten. Me gjekk glipp av omtrent all oppvarming, ettersom dét ikkje var interessant for oss. Det var Avenged som var kjekt for oss, og det var storkos!


24. Juni 2011;
18-åsdagen til Gøran.
Eg fekk tilbragt tre dagar med "familien" min i Florø og feira "broren" min sin 18-årsdag med champagne/musserende vin og litt anna drikke. Ein kan vel seie at kvelden slutta tidleg for meg, då eg dreit litt på draget med å drikke så mykje eg kunne på kortast tid sånn at eg kunne bli full (eg innrømmer det heilt og holdent, eg var litt for øydelagd til å halde meg roleg. Difor vart det til eit litt mindre koseleg resultat seinare, og både Gøran og Alexander trøysta meg før Alexander fekk meg i seng og passa på meg til eg sovna.) - men før det gjekk skeis hadde eg det veldig, veldig gøy.


Også er det mange småting innimellom som eg er veldig glad for at skjedde, eg har hatt små samankomster med Marlene og Cathrine på hybelen min eller i leilegheita til Marlene, og eg har vore på småbesøk hjå Even, hatt koselege samlingar med SU, opplevd russetida og andre liknande ting. Så hey, det har ikkje vore all bad.


Edit: Og akkurat når eg faktisk byrja å føle meg betre sender mamma meg melding og forteller det at no er det sannsynlegvis slutten for hunden vår, Tass. Han som hadde sett ut til å bli så frisk og fin... no er det plutseleg berre over? No skal han berre verte dårleg igjen? Fuck my life.

Edit II: Der fekk eg ein ny melding. Tass sovna stille og roleg inn. Thank you, life, thank you so much.

tysdag 21. juni 2011

Next - If I only could make a deal with God and get him to swap our places. ♫♪

(picture @ myself)

C'mon baby - c'mon, c'mon darling; let me steal this moment from you now.




Så er det altså nesten ein månad sidan sist eg blogga. Kan ikkje sei at mykje har skjedd, men såpass kan eg seie;
* Eg er ferdig med alle eksamner
* Eg er ferdig på VGS for alltid
* Eg er medlem av Noregs beste tapar-korps(enn så lengje)
* Eg er berre enda meir forelska i Zacky Vengeance enn det eg allereie var
* Eg er ein tattovering fattigare enn eg hadde håpa eg skulle vere no
* Eg er heime igjen etter ein relativt fin tur til Bergen
* Eg er kvalm
* Eg er trøytt
* Eg vil finne på noko
* Eg har ny gensar/topp/ting frå Carlings(ser så vidt på biletet)
* Eg skal til Florø i morgon
* Eg skulle ynskje ting gjekk betre enn det dei tydelegvis gjer
* Eg er øydelagd for livet, trur eg.

Der var det ei fin lita liste over ting som sikkert var både interessant og særs unødvendig for de tre som faktisk leser bloggen min (ingen andre bryr seg, men det gjer ingenting, eg bryr meg heller ikkje særleg lengjer. Seier me..)


Eg har vore med på ei stor berg-og-dalbane dei siste tre månadane. No har eg vore med på han så lengje at eg er kvalm igjen. Eg har kome til ein av dei større nedturene der eg lurar på kvifor eg orkar. Kvifor eg i det hele teke gidd å sitje foran dataen og hate meg sjølv og livet mitt. Enkelt og greitt lurar eg på kvifor eg i det heile teke skal gidde å leve. Men eg tør ikkje noko anna. Eg er for redd til å dø. Ikkje fordi sjølve døden skremmer meg, men fordi eg er redd eg skal angre på det idet det er gjort. At min aller siste tanke vil bli; "Kva faen har du gjort no?"


Det er nok ikkje ofte eg legg ut om så djupe, alvorlege kjensler inni meg. Det er ikkje fyrste gongen eg føler det slik, og eg overlevde det då. Det spørs berre om eg overlev no? Eg håpar det. Eg vil på folkehøgskule til hausten. Og eg vil sjå alle venene mine igjen. Eg er lei av å vere lei av meg sjølv. Eg trudde eg hadde klart å akseptere at eg er meg og at eg berre vert nøydd å leve med meg sjølv, men det viser seg no at ein vandring åleine gjennom Bergen by på nattestid er nok til å øydeleggje meg fullstendig. Og om eg ikkje skal klare å gå åleine på byen uten å få fullstendig panikk - kva faen skal eg då gjere med livet mitt? Det er ikkje eit liv verdt å leve, føler eg. Når ein skal vere redd for alle ein ikkje kjenner og bryte saman berre fordi fremmede ser på deg på gata. Det er faen ikkje sinnsfriskt. Men så skal det gjerast ganske klart og tydeleg at eg meist sannsynleg aldri kjem til å verte heilt sinnsfrisk igjen.


I morgon skal eg til Florø og flytte ut alle tinga eg har tenkt å behalde frå hybelen min. Resten skal hivast. Også skal eg til Gøran og overnatte hjå han fram til bursdagen hans på fredag. Dét gler eg meg litt til. Trur det kan verte kjekt. Også skal eg servere i bursdagen til tanta mi på laurdag. Og etterpå har eg fri søndag før eg skal jobbe frå og med mandag til slutten av juli. Då har eg fri siste veka før eg jobbar ei veke i august. Då har eg to veker fri før eg flyttar til Bærum der eg skal besøke folk og ynskje dei lukke til med året sitt på VGS og liknande. Også skal eg leggje det bak meg, i alle fall for ein stund, slik at eg kanskje kjem meg opp av dette helvetesholet eg har hamna i. Om du veit / får vite kva det er som har hendt meg, tenkjer / vil du sikkert tenkje "Herregud, det er no ikkje SÅ ille! Det finnast folk som har det mykje verre enn deg og som klagar mindre!" - greitt det, det veit no eg òg, men eg veit at alle mennesker er forskjellege, og det du tolar å gå igjennom før du har fått for mykje kan vere jævlig mykje meir enn det eg tolar å gå igjennom før eg har fått for mykje. Eg er i alle fall utruleg nær å tippe over til å verkeleg ikkje orke dette meir.


Eg er utruleg sint no, det merkar de nok på all banninga og deppinga og frustrasjonen. Eg vil helst berre leggje meg, men eg er redd for kva eg kjem til å sjå og drøyme om. I beste fall er det Zacky Vengeance. I verste fall er det livet mitt. Eg er sint for det som har skjedd, sint på han og sint på meg og sint på alle som ikkje veit eller som ikkje seier noko om det. Sint på alle som trur eg har det bra sjølv når dei veit kva som har hendt og sint på alle som trur eg har det dårlig. Eg er rett og slett berre sint på alle som finnast. Men eg er nok mest sint på meg sjølv. Og det er nok fordi eg er så sint på alle. Lunta mi er kortare enn nokon sinne, humørsvingningane er enda meir ustabile og psyken min har dødd fullstendig. Og sjølv om eg skulle ynskje eg var like sint på han som på meg, så er eg det ikkje. Og det plagar meg, mildt sagt.


Og om du kunne lest dette innlegget og forstått kva som stod her ynskjer eg du prøver å plassere deg sjølv i min situasjon. Steal the fucking moment from me now!

tysdag 24. mai 2011

Next - I don't belong here, we gotta move on, dear. ♫♪

(picture @ myself)

Escape from this afterlife.


Biletet er random som vanleg. Eg har bokstavkjeks.


Eg valde å blogge fordi eg såg igjennom alle notata mine på Facebook (randomness ftw <3) og fann tidlegare innlegg frå bloggar eg har hatt tidlegare. Det fyrste innlegget om fekk sjå Facebook i andletet angjekk Skrivebuatreffet 2008, og eg tykkjer det fortener ein gjentakelse fordi det var så fint:


"BLOGGFANTASIEN VERT VERKELEG
eg har for tida ingenting med meining å gjere, så eg har oppdatert bloggen min - eg fann ut at det var slett ikkje vits i å ha ein så rotete blogg. eg skal òg vurdere om eg skal endre fargane på bloggen.. men vi får sjå. eg har hittil sletta alle innlegga mine, og starta på nytt. så dette blir det fyrste innlegget som den "nye" bloggen min får ete opp - bloggen min får på nytt sjå "dagens lys" - som grunngjev bildevalet. jaudå, eg har ikkje sånn kjempestorarta kamera på mobilen min, og auget er ganske messed up, men whatsoever, eg opna bildefila i photoshop og gjorde litt "magi" - straks såg det ut som eg har eit vakkert glimt i auget og glitrande, blå augenskygge på meg. eg har glitrande blå augenskygge, men ikkje på meg på biletet.. biletet er ganske messed up endå, men det bryr meg ikkje. eg laga dette auget til å ha på logoen, som forresten er litt creepy. det er eit bilete av eit tak, og ikkje kvaforslagshelst tak(haha, det var eit litt morosamt ord :P "kvaforslagshelst" - nesten like herleg som "fyrstikk-emo" og "multikunstnar" ^^,) ehm, ja, taket. det er ein del av taket i aulaen til singsaker skole, i trondheim, oppe i fjerde etasje.(det var, btw, ufalleleg varmt, klamt og tungt der inne. vi fann ikkje nokon måte å lufte ut på der i det heile!) - ja, grunnen til at eg tok bilete av taket var fordi det var ei hjarteform der, og eg har sære interesser, som blant anna går ut på å ta bilete av ting som er hjarteforma, som ikkje nødvendigvis var meint til å vere hjarteforma, ogsåvidare. ja, så stappa eg på auget mitt, og fem heilt like meg. og fysj, det er creepy nok i seg sjølv.
SINGSAKER SKOLE FARVEL
ja, så skal eg fortelje deg grunnen til at eg har vore på singsaker skole, i trondheim, når vetle(haha x'D) meg kjem frå sogn og fjordane, og slettes ikkje frå trondheim. joda, du skjønar, på sida der ----> (lenger oppe, under "tankevandring") kan du finne ein link til "Skrivebua"(er du interessert i å skrive dikt, tekstar og liknande melder du deg for søren inn :P) - og i forifjord fekk nokre av ungdommane på "Skrivebua" ein idé om å lage eit treff for medlemmane, slik at dei kunne komme seg vekk frå "bak brukarnamna" og verkeleg treffe kvarandre. men det vart litt seint komme på, og ideen var fortsatt "for liten" til å lykkast i 2006 - så dei laga eit skikkeleg treff i 2007(eg var, diverre, ikkje til stades den gongen.) i 2007, derimot, var det svært vellukka, så dei same(?) meldemmane fann ut at "hey, dette kan verte årleg!" så dei laga det i år òg(2008) - og då fekk eg faktisk hengt meg på. forresten, fotografen til biletet over er kristine, ei kjempekoseleg jente som var på treffet.
(eit lite tankereferat)
når eg satt på den 12 timar lange bussturen mot trondheim torsdag 3. juli, tenkte eg: "kva er det eg gjer?". når er ankom trondheim fredag 4. juli, tenkte eg: "ånei.." - når sjølvaste alfonso frå skrivebua henta meg på trondheim s, tenkte eg: "ånei, kva er det eg har gjort?" når eg såg skulen, tenkte eg: "faen..". når eg kom inn på skulen tenkte eg absolutt ingenting og når eg byrja å møte folk(som alle som ein var trøtte som fy! :P) tenkte eg: "..eg har verkeleg gjort det denne gongen!". når alfonso byrja å spele gitar, tenkte eg: "åh, han er flink!", og når han ba meg ta fram min gitar tenkte eg: "ikkje pokker."(men han fekk meg no til å ta han fram etter litt - og vi er flinke å jamme saman ^^, det var koselig.) når eg byrja å verte kjend med folk, tenkte eg: "eg har vener?", og når eg forlot alle saman på søndagen, tenkte eg: "dette var meir enn verdt det - eg skal til neste år, òg - desse menneska er jo nesten like galne som meg!" - eg elskar buatreff. og når eg ser på "Gjør KUN det du skal"-biletet, ler eg, og tenkjer: "ah, kristine er flink fotograf igjen, og doreglar som den burde det vere overalt."
(tilbake til samandraget)
ja - det var vel eigentleg ikkje mykje å skrive meir om samandraget, bortsett frå ting som vi fekk utforska på, og som vi tykte var litt creepy med skulen..
(ei liste creepy-ness)
  • eit toalett med blod på veggane
  • eit puterom fylt med puter, og ein ole brumm utan auge på veggen
  • unisexdo med pissoar som på dei merkelegaste tidspunkt fylte seg med vatn
  • påslåtte datamaskinar med webcamera på kvar og ein som ikkje lét seg skru av
  • lys og opne vindauge på låste rom
  • størrelsen på skulen
  • ser ut som bygninga i "red rose"(hevda nokre av medlemmane)
  • lys på vaktmeisterrommet når vaktmeisteren ikkje er der
  • forskjellige lukter i forskjellige rom
  • merkelige lydar
  • vindauget i aulaen kunne ikkje opnast
  • garasjeport i aulaen
  • ein lapp som vi hengte på døra til vaktmeisteren om luftproblemet i aulaen som forsvinn sporlaust
  • diverse "er det ikke trivelig"-lappar som hang overalt
  • ein påslått mobil
  • senger og piano på eit og same rom
  • teksten på veggen i aulaen(singsaker skole farvel) (nokre medlemmar hevder at dei ikkje såg "farvel"-delen dei fyrste gongane dei gjekk i aulaen, som då var på torsdagskveld - på fredag var det plutseleg der)
  • og diverse anna

EIN OPPSUMMERING AV KVARDAGEN MIN FORTIDA
elles har eg vel svært lite meir å opplyse om. til hausten skal eg på vidaregåande - endeleg vekk frå denne vakre bygda som drep meg så sakte av keisomhet. så eg har fått meg hybel, eg skal av å sjå på han i morgon, og eg gler meg veldig! også ventar eg på at bestevenninna mi skal bli slått ut av norway cup(ikkje sånn "åh, bli slått ut no!"-vente, men sånn "åh, det var dumt at du blei slått ut."-vente), fordi når ho er slege ut, kjem ho hit, på ferie, for å vere med meg, som ho ser, om vi er heldige, 3 gongar i året, om vi er passe heldige 2 gongar i året, om vi er heldige nok, 1 gong i året, og om vi er skikkeleg uheldige, 1/2 gong :P vi har det med å vere heldige nok, eller passe heldige, men i år håpar eg at vi er heldige(det vil seie at eg håpar ho kjem til hausten, òg - ho var her i vinter, også kjem ho hit no.. :D) jaujau. og 7. august reiser eg på korpsleir - der vert eg til 10. august. og 18. byrjar skulen - men eg veit ikkje kortid eg skal flytte på hybelen.. det får eg heller sjå på.
vi bloggast i næraste framtid :) blogg you :D"


Og elles så er ikkje ting noko betre. Sidan sist har eg vore i begravelse til bestefaren til Gøran. Det var kjempetrist, og eg sit igjen med ein stor blanding av mange kjensler. Men i staden for at eg skal skrive opp og oppsummere alle kjenslene mine for einmillionfiretusensjuhundreogåttitrekommasekstiniande gong med heilt nye ord som eigentleg ikkje beskriv noko, så legg eg opp eit av mine nyare notat frå Facebook. Denne leksten kan også finnast på profilen min på Skrivebua.


"L. M. H

Eg er ikkje særleg religiøs av meg. Eg har vanskeleg for å tru at det finnes ein himmel, og eg orkar ikkje tru at det finnes eit helvete. Men eg trur at kvart menneske har ei sjel, og at det ein gjer igjennom livet legg grunnlag for kva som skjer med sjela. At dei gode og dårlege handlingane vert vegd opp mot kvarandre og så får ein det ein har gjort seg fortent til. Karma, kan ein vel kanskje kalle det. Men eg trur ikkje på gjenføding. Eg trur at dei gode sjelene, dei som har gjort det «rette» og har leve med det får evig ro. Eg trur at dei som har gjort seg fortent til det, vil få ein fullverdig bortgang. Kanskje ikkje alltid sjølve bortgangen er fullverdig, for det er så mange urettferdige dødsfall her i verda, men at den siste avskjeda før sjela står ovanfor si siste ferd er av den sort ein har fortent.


Du har fått ein sånn bortgang.


Eg hugsar fyrste gong eg traff deg. Du hadde allereie vorte sjuk og det var vanskeleg for meg å forstå kva du prøvde å seie. Eg hadde ikkje høyrd så veldig mykje om deg, anna enn at dottersonen din, min beste ven, arbeidde med å passe på deg ein dag i veka. Eg visste dermed ikkje kva eg skulle forvente når eg fyrst fekk mogelegheita til å treffe deg. Men ein ting er sikkert; du sette spor i meg. Du var så open og inkluderande, og du lyste ut ein så god og trygg energi og livsglede. Eg hugsar me gjekk tur i nabolaget ditt (og kanskje litt lengjer, til og med) og etter kvart som me passerte forskjellege hus peika du opp på dei og prata i veg. Eg fekk aldri heilt med meg kva du prøvde å fortelje meg, anna enn at det var ein kall du prata om. Dette kan eg sei med sikkerheit at var deg i eit nøtteskal.


Eg fekk vere med på fleire turar med deg og dottersonen din. Du prata mykje dei fyrste turene, og eg hugsar at når me kom tilbake til huset ditt ville du vise meg fotoalbuma dine. Eg fekk servert små og større delar av livet ditt i form av bilete og ord, og det rørte ved meg. Det rørte meg at du var så ivrig etter å fortelje meg alt og ingenting på ein gong, at du var så engasjert i å inkludere meg. Eg er jo berre ei simpel bygdejente. Men det var ein av mange ting som var så flott med deg; det hadde ingenting å seie kvar ein kom frå. Eg trur at hadde eg kjend deg før du vart sjuk, ville du kanskje fortald meg at det handlar om kven ein er som person. Og eg respekterte deg for den måten å sjå på livet.


Du vart etter kvart dårlegare, og måtte på sjukeheim. Eg var med deg på to turar etter det. Den eine gongen regna det frykteleg, og du ville halde meg i handa medan me gjekk. Det har òg gjort stort inntrykk på meg; at du stolte såpass på meg at du ville ha meg til å leie deg gjennom regnet og vinden. Eg vil aldri gløyme det augenblikket. Den andre gongen vart den siste gongen eg fekk sjå deg før du gjekk bort. Det var kaldt ute, men det gjekk fint likevel. Du var ikkje like snakkesalig som du hadde vore, men eg kjende meg ikkje mindre velkommen i ditt nærvær av den grunn. Du strålte framleis like varmt og godt som du hadde gjort tidlegare. Du var litt bekymra for at vinteren ikkje hadde forsvunne heilt endå, men me hjalp deg gjennom det, både dottersonen din og eg.


Det var ein ting du ofte gjorde med folk; du sette spor hjå dei. Som regel i fliser på golvet eller peiser inntil veggen. Du spreiar varme i husa deira om vinteren. Det er jo ein koseleg tanke; at du framleis spreier den varmen eg kjende frå deg kvar gong eg traff deg. Det er faktisk litt beroligande. Du er ikkje vekke. Ikkje heilt. Du er i mange menneskers hovude, hjarte, og til og med i deira hus og spreier din gode energi og oppmuntrande varme.


Difor var eg ikkje i tvil når dottersonen din spurde om eg ville hjelpe han å skrive ein tekst til begravelsen din. For det fyrste var det kanskje det aller minste eg kunne gjere for han. For det andreville eg gjere det. Eg ynskja å sei farvel til deg. Eg ville at sjela di skulle vite at eg tenkjer på deg før ho fekk evig kvile. I denne prosessen fekk eg servert mange gode egenskapar ved deg. Du var tolmodig og fornuftig, ærekjær i arbeidet ditt, rolig og lun. Du var nøktern og gjorde ting slik du ville. Du unngikk aldri ein utfordring, og du inkluderte alle som var. Og det morosame her er kanskje at jo meir eg fikk høyre, jo meir gjekk det opp for meg kor lite overraska eg var. Fordi det var nettopp slik eg såg for meg deg. Det var slik eg trudde du var. Slikeg visste du var. Du var ein god mann med hjartet på den absolutt rette staden.


Du var svært sett pris på. Det innsåg eg fyrst i begravelsen din. Det var mange som stilte, og opptil fleire heldt tårekvalte og rørande taler som var på nippet til å få meg til å grine. Det var likevel ikkje før eg sjølv skulle opp og syngje med di eldste dotterdotter og dottersønen din at det gjekk opp for meg; no var du faktisk ikkje blant oss lengjer. Du var på vei mot evig kvile, og alt du trengde var denne siste avskjeden. Eg kunne sjå i alle andleta at dei hadde det vondt. Dei tok det tungt, det å seie farvel til deg. Dei var ikkje klare for å miste deg; du var for god til å gje slepp på. Og det knakk meg heilt saman etterpå.


Det var derimot ikkje det tyngste for meg. Det var tungt nok at du var vekke og eg aldri fekk sjå deg igjen, og det var enda tyngre at bestevenen min og familien hans hadde mista eit kjært familiemedlem. Det var kjempetungt å skode utover alle dei triste menneska som hadde samla seg til eit siste farvel for berre deg. Det var faktisk hjarteskjærande. Men for meg var det tyngste sjølve gravleggjinga. Når du var dømd til jorda, og ferdig senka ned. Eg hugsar godt kvå eldste dottera di spurde meg før me hadde reist i kyrkja;


«Om eg kjøper sju roser, vil du gjere meg den tenesta å hive den eine rosa på grava til pappa?»
Dei er berre seks i familien.


Det eg tok tyngst var at eg fekk den æra og mogelegheita til å hive ei rose på grava di. Som om du hadde vore min bestefar. Som om eg var ein del av familien. Som om dette var like mykje mi sorg som deira. Sjølvsagt ville eg hive ei rose på grava di. Eg visste ikkje kva det kom til å innebære for meg berre nokre sekund seinare. Når eg kunne høyre den tamme lyden av ei rose som traff ei kvit trekiste, kjende eg smerta frå fleire knuste hjarter. Mitt inkludert. Det verka som ein evighet der eg berre stod og klemte yngste guten i syskjenflokken som eg så lengje har vore storesyster for. No kjendes det verkeleg. Det kjendes eithundre prosent verkeleg. Som om eg verkeleg var storesystera hans. Og eg klemte han til meg. Han grein ikkje, men eg såg sorgen på han. Etter ein god stund kom gravfølgjet og fortalde kor mykje dei kondolerte. Og han braut saman. Den vesle, glade guten eg har kjent sidan eg fyrst kom her var plutseleg vekke i ein trist, liten gut med tårer i auga. Eg klarte ikkje late vere å kjenne meg enda meir som storesyster for han. Og eg er glad for at eg valde å hive den rosa. Eg er glad for at eg valde å late deg vere min bestefar for ein dag – for om eg kunne velje meg éin mann til å vere min bestefar blant alle menn i heile verda, så hadde eg vald deg.


Du har etterlatt deg mange fantastiske familier. Du har tre flotte døtre som alle har arva ein eller fleire eigenskapar frå deg. Og det du har lært dei, det har dei lært vidare til sine born og ektemaker. Og hadde eg hatt evna, ville eg teke deg tilbake til livet, i alle fall for ein kveld, og takka deg for alt du har gjort for dei, og dermed gjort for meg. Eg kan ikkje tale for mykje på vegne av andre, for eg lever mitt liv, og i mitt liv ser eg gjennom mine eigne auge. Men etter alt eg har lært om deg dei siste dagane, så ser eg at du har lagt stort grunnlag for min trivsel dei siste tre åra. Du har gjeve meg ein ekstra familie, fire nye søsken og to fantastiske nye foreldre som alltid får meg til å føle meg velkommen. Eg har aldri kjent meg så velkommen i ein familie som ikkje har vore mi eiga før. Og eg vil takke deg for at du har lagt grunnlag for desse flotte menneska, og for at du har gitt dei så mykje godt og minneverdig. Du har vore minneverdig for meg, og dei har vorte minneverdige for meg. Eg kjem aldri til å gløyme tida mi med min nye familie, og aller minst den dagen du skulle få evig kvile. Den dagen eg kjende meg heilt inkludert i den familien.


Til slutt vil eg eigentleg berre sei at nei; eg er ikkje religiøs. Eg trur ikkje på noko himmel eller helvete. Ikkje i den forstand mange kanskje gjer. Eg trur på evig kvile, eller evig sjelevandring. Evig kvile er for dei som har fortent å kvile etter eit slitsomt liv. Mitt alternativ for himmelen. Sjelevandring er når ein er verken død eller levande. Ein går blant dei levande, men kan ikkje kontakte dei. Mitt alternativ for helvete. Men, kjære bestefar, (for nett no er du litt bestefar for meg) om det finnes ein himmel der Gud har samla dei beste menneska, så trur eg du har fått ein spesiell plass i Guds rike saman med di kjære kone. Og eg lovar at eg skal vere den storesystera barneborna dine treng når eg kan. Eg lovar å gjere mitt beste for dei.


And if you were with me tonight I'd sing for you, just one more time, a song for a heart so big God couldn't let it live.


Kvil i fred.




http://llovee.blogg.no/"

Så. Det var vel eigentleg alt eg hadde å seie. Beklager at eg ikkje brukar så mange av mine nyare ord i dag, men uansett kor mykje bokstavkjekt eg eter, så kjenner eg meg ganske tom for ord.

Take a chill pill, Bill, and Johnny B'Good.

søndag 8. mai 2011

Next - I won't see you tonight. ♫♪

(picture @ myself)

Sorrow sank deep inside my blood; all the ones around me I cared for and most of all I loved.

Ein liten oppdatering på meg og mitt liv fortida:
- Eg lever i ei raudrussebukse med svarte seler og masse nagler og glidelåser på.
- Eg er omringa av dei beste bygdegutene eg kunne bedt om.
- Eg spelar så mykje kortskalle at eg byrjar å få litt(!!!!!!!) peiling på geografi.
- Eg er snart fuckings ferdig på vidaregåande.
- Eg sover endeleg om natta.
- Men eg har det ikkje bra. (Betre, mykje betre. Men det går fortsatt ikkje heilt bra.)

Russetida er awesome. Sånn kort fortald. Gutane mine(bygdegutane) er dei beste eg kunne fått, seriøst, ingen er så gode som dei. Kortskalle med bygdegutane er herved mitt favorittspel, sjølv om eg suger i geografi. Vidaregåande har vore i strupen på meg det siste halve året, og no prøvar eg å gå i strupen på vidaregåande og vise kven som er sjefen. Eg ligg ikkje lengjer vaken om natta og tenkjer på kva som har skjedd og kva som kjem til å skje (eg berre brukar store delar av ettermiddagane / tida på skulen til å tenkje igjennom det. Ikkje mykje betre, men så lengje eg får sove..). Og ettersom då ettermiddagane og skuletida går til å tenkje heller enn å gjere lekser eller følgje med i timane, så har eg det likevel ikkje så bra som eg skulle ynskje. Eg VEIT at det er folk som har det verre enn meg, gode vener av meg som har oppleve så mykje verre ting enn det eg har opp igjennom livet, men så er eg egoistisk og likar å tykkje synd i meg sjølv så eg drit i dei og tenkjer berre på meg. I alle fall til tider.

Eg kunne eigentleg berre lagt meg ned for å grine i staden for å skrive dette, men eg følte for å skrive noko, Sjølv om det berre er bull..

Og sånn ved vegen; eg har endra namn på Skrivebua frå iki til Mona Liza. Fordi eg føler det beskriver meg litt no fortida. Jenta med det løyndomsfulle smilet, liksom. Ha-ha-ha, eg veit noko ikkje du veit..




EDIT: EIN FILM DE ER NØYDD Å SJÅ - Få meg på, forfaen!

fredag 18. mars 2011

Next - My hands are cold and, and time is going on an on it goes, forever. ♫♪

(picture @ myself)

Promise me you'll try to leave it all behind.

Eg kjem ikkje til å blogge på ein stund. Av årsakar tidlegare nemnd. Og for å spare dykk tida med å spørje:

Nei.


Det går ikkje bra.

tysdag 8. mars 2011

Next - You could love her if you paid, you could have her everyday. ♫♪

(picture @ Isabelle)

You could love her if you prayed, you could have her every way.

Sist eg blogga hadde eg prestert å putte inn eit lite songutdrag som sa; "I'm looking forward to the future." - hadde eg visst at dette skulle bli min framtid hadde eg ikkje skrive inn akkurat det utdraget.

Eg har lengje no hatt ein periode med "Eg er lei meg gjev faen, eg har berre nokre få månader igjen på skulen og deretter så kan da berre gå oppover." og det har fungert heilt fint. No har eg eit tilbakefall; i går var eg på skulen sjølv om eg var konstant kvalm og hadde hovudpine heile tida, eg klarte omtrent ikkje ete og dei einaste eg ville snakke med var anten ikkje på skulen, eller ikkje på skulen MIN. Likevel fekk eg besøk av to av mine næraste vener i går, og ting vart betre. Eg fekk snakka ut, tenkt litt på andre ting, og i natt fekk eg faktisk sove. Ting er betre, men eg har fortsatt litt angst. Fordi det som har hendt er i mine auge veldig alvorleg, og eg er verkeleg ikkje klar for dei konsekvensane som kan kome min veg. Dessutan så får eg da ikkje ut av hovudet i da heile teke.

Eg meiner ikkje å berre; tease-tease de får ikkje vete kva som har hendt. Men - det er verkeleg ikkje noko eg klarar å skrive til dykk. Ikkje på bloggen. Og ikkje på Facebook heller. Og tru meg; de vil helst ikkje vete da. Nett no er den einaste eg vil fortelje da til som ikkje endå veit da, mor mi. Sånn at de veit da.

Elles så.. lever eg vel endå. Og eg håpar på at da held fram slik ei stund til.

Så det så.